Korleis leve opp til visjon og verdigrunnlag
- Stryn Bedriftsbarnehage skal vere ein inkluderande organisasjon som gjev tryggleik til foreldre og barn gjennom hovudfokus på nære og gode relasjonar.
- Dette blir forsterka gjennom visjonen der foreldre og barn kvar dag skal bli sett, forstått og lytta til.
- Alle som kjem til barnehagen skal oppleve å bli møtt av blide og imøtekomande vaksne.
- Barnehagen skal møte spørsmål og utfordringar på ein anerkjennande værmåte der dialogen er berebjelken i kommunikasjonen.
- Stryn Bedriftsbarnehage skal gjennom aktivitet og trygge ramer fremje god psykisk og fysisk helse.
- Stryn Bedriftsbarnehage legg vekt på tidleg innsats gjennom fokus på systematikk, struktur og gode relasjonar i foreldresamarbeidet.
- Fokus på tidleg innsats viser seg og gjennom vårt arbeid med områda språk og sosial kompetanse.