Voksenrolla i høve barn sin sosiale kompetanse i uteleiken

Barnehagane i Stryn kommune jobba med dette fokusområdet frå november 2015 til mai 2016.

I årsplanen vår for 2016/2017 står det blant anna:

  • Leik er den viktigaste aktiviteten for barn. Leiken har ein verdi i seg sjølv, samtidig som barnet gjennom leiken utviklar seg både fysisk, motorisk, sosialt og språkleg.
  • Leiken er den viktigaste læringsarenaen for barna og barnehagen må legge til rette for at barn skal få utvikle god leikekompetanse.
  • Det er gjennom leiken at venskap utviklast. Det å ha god leikekompetanse gjer deg ofte til ein god leikekamerat.
  •  Bevisste og «påkopla» vaksne med god kompeanse på leik er avgjerande for at barn skal utvikle leikekompetanse.

Rammeplanen (2017) seier følgande om sosial kompetanse;

«Sosial kompetanse er ein føresetnad for å fungere godt saman med andre og omfattar ferdigheiter, kunnskaper og haldningar som blir utvikla gjennom sosialt samspel.» (s.22)

Vidare skal pesonalet mellom anna (s.23);

  • Støtte barnas initiativ til samspel og bidra til at alle kan få leike med andre, oppleve vennskap og lære å halde på venner.
  • Samtale om normer for samhandling og invitere barna til å utforme normer for samhandling i fellesskap.
  • Støtte barna i å ta andre sitt perspektiv, sjå ei sak frå fleire sider og reflektere i\over eigne og andre sine kjensler, opplevingar og meiningar.
  • Støtte barna i å setje eigne grenser, respektere andre sine grenser og finne løysingar i konfliktsituasjonar
  • Førebyggje, stoppe og følgje opp diskriminering, utestenging, mobbing, krenkingar og uheldige samspelmønster.
  •  

Beste praksis i vår barnehage:Uteleiken 0-2 år

Uteleiken 3-5 år