Stryn Bedriftsbarnehage – Saman hand i hand, steg for steg.

Våre verdiar; Trygg, Nær og Inkluderande. Vår visjon: Alle skal bli sett, forstått og lytta til

Korleis leve opp til visjon og verdigrunnlag

  • Stryn Bedriftsbarnehage skal vere ein inkluderande organisasjon som gjev tryggleik til foreldre og barn gjennom hovudfokus på nære og gode relasjonar.
  • Dette blir forsterka gjennom visjonen der foreldre og barn kvar dag skal bli sett, forstått og lytta til.
  • Alle som kjem til barnehagen skal oppleve å bli møtt av blide og imøtekomande vaksne.
  • Barnehagen skal møte spørsmål og utfordringar på ein anerkjennande værmåte der dialogen er berebjelken i kommunikasjonen.
  • Stryn Bedriftsbarnehage skal gjennom aktivitet og trygge ramer fremje god psykisk og fysisk helse.
  • Stryn Bedriftsbarnehage legg vekt på tidleg innsats gjennom fokus på systematikk, struktur og gode relasjonar i foreldresamarbeidet.
  • Fokus på tidleg innsats viser seg og gjennom vårt arbeid med områda språk og sosial kompetanse.