Samlingsstunda som språkfremjande arena

Barnehagane i Stryn kommune starta å jobbe med dette fokusområdet i august 2017 og skal jobbe med det fram til juni 2018.

«Gjennom dialog og samspel skal barna støttast i å kommunisere, medverke, lytte, forstå og skape meining. Barnehagen skal anerkjenne og verdsetje barnas ulike kommunikasjonsuttrykk, medrekna teiknspråk. Alle barn skal få god språkstimulering gjennom barnehagekvardagen, og få delta i aktivitetar som fremjar kommunikasjon og ei heilskapleg språkutvikling». (Rammeplanen 2017, s.23)

Personalet skal mellom anna;

  •          Anerkjenne og respondere på dei ulike verbale og ikkje verbale uttrykka til barna og støtte språkutviklinga deira,
  •          Sørgje for at alle barn får varierte og positive erfaringar med å bruke språk som kommunikasjonsmiddel, som reiskap for tenking og som uttrykk for eigne tankar og kjensler.
  •          Vere bevisste på rolla som språkleg førebilete og vere lydhøre i kommunikasjon med alle barn. (Rammeplanen 2017, s.23-24)

«Barnehagen skal vere bevisst på dei ulike uttrykksformene til barna og leggje til rette for medverknad på måtar som er tilpassa alderen, erfaringane, dei individuelle føresetnadane og behova til barna.» (Rammeplanen 2017, s.27)

«I barnehagen skal barna møte ulike språk, språkformer og dialekter gjennom rim, regler, songar, litteratur og tekstar frå notid og fortid. Barnehagen skal bidra til at barn leikar med språk, symbol og tekst, og stimulere til språkeleg nysgjerrigheit, bevisstheit og utvikling»…………..»Personalet skal invitere til utforsking av både munnlege språk og skriftspråk.»

Gjennom arbeid med kommunikasjon, språk og tekst skal barnehagen bidra til at barna mellom anna;

  •          Vidareutviklar omgrepsforståinga og brukar eit variert ordforråd.
  •          Møter eit mangfald av eventyr, forteljingar, segner og uttrykksformer.
  •          Opplever spenning og glede ved høgtlesing, forteljing, song og samtale.
  •          Invitere til ulike typar samtalar der barna får fortelje, undre seg, reflektere og stille spørsmål
  •          Oppmuntre barna til å fabulere og leike med språk, lyd, rim og rytme.
  •          Bruke varierte formidlingsformer og tilby eit mangfald av bøker, songar, bilete og uttrykksformer.
  •          Inkludere alle barna i språkstimulerande aktivitetar.

(Rammeplanen 2017, s48-49)

Beste praksis i vår barnehage:

Samling - 1 åringar

Samling 2 og 3 år

Samling 4 og 5 år