Gode relasjonar i måltidet

Barnehagane i Stryn kommune starta å jobbe med dette fokusområdet i januar 2017 og jobba med det til mai 2017.

Illustrasjon er henta frå; http://miocultorincon.blogspot.no/2011/09/otra-vida.html

Hovudfokuset under dette fokusområdet er gode relasjonar og korleis vi kan få dette til i måltida i barnehagen. Det er ikkje fokus på kosthald.

I Rammeplanen for barnehagen (2017) står det mellom anna;

«Barnehagen skal aktivt legge til rette for omsorgsfulle relasjonar mellom barna og personalet, og mellom barna sjølve, som grunnlag for trivsel, glede og meistring.» (s.19)

Vidare seier den mellomanna at personalet skal: 

«møte alle barn på ein open, varm og interessert måte og vise omsorg for kvart enkelt barn,

"vere lydhøre for kva barna uttrykkjer, og prøve å oppfylle behovet deira for omsorg på ein god måte.» (s.20)

«støtte barns aktivitet, engasjement og deltaking i fellesskapet» (s.21)

«leggje merke til, anerkjenne og følgje opp barnas perspektiv og handlngar» (s.21)

 

Måltidet 0-2 år

Måltidet 3-5 år