Kvalitetsarbeid – Beste praksis

Stryn Bedriftsbarnehage starta i 2015 opp arbeidet med leiingsprogrammet «Ledelse og kvalitet». Programmet omfattar alle barnehagane i kommunen og det er administrasjonen i kommunen som saman med styrarane leiar arbeidet.

Målsettinga er å jobbe systematisk med kvaliteten i barnehagen ved fokus på det fagleg pedagogiske arbeidet og utvikle profesjonelle medarbeider som er bevisst måten ein jobbar på og som kontinuerleg jobbar med å utvikle og forbedre praksis.

Alle barnehagane i kommunen samarbeidar om val av fokusområde. Dette gjer at alle barnehagane jobbar med det same området på same tid. Ved å ha felles fokusområde løftar vi kvaliteten i lag og dette skaper ein VI kjensle som er viktig for å lukkast. Vi lærer av kvarandre ved å dele erfaringar og kompetanse. Vi arbeider med eit fokusområde i ca 6 månadar før vi vel neste område. "Fokusområde" er namnet vi nyttar på utvalt tema/ satsingsområde.

Kriterium for val av tema:

Krav og forventningar frå omverda er med å styrer val av fokusområde (departementet, kommunen, brukarane/foreldra). Vi må heile tida vurdere kva som er viktig å halde merksemda retta mot. Det er viktig å knytte val av fokusområde til ulike styringssignal som lovverk, rammeplan, stortingsmeldingar, kommundelplan for oppvekst og barnehagen sin egne målsettingar, visjon og verdigrunnlag.

Ved val av fokustema blir dette gjort etter eigen vurdering av sårbare områder (der praksis ikkje er god nok) Det er styrar og pedagogisk leiar som bestemmer val av fokustema og dette er felles for all barnehagane i kommunen.

Vi set ei tidsramme med start og slutt for fordjuping i temaet. Når vi er komne til siste dag, deler vi erfaringar med kvarandre gjennom ei samling der vi presenterer resultatet for kvarandre (avlevering).

Alle barnehagane har felles fokusområde og felles standard for kva som er god kvalitet innanfor fokusområdet. Kvar barnehage eller avdeling utarbeider indikatorar for «Beste praksis».

Standard = teikn på kvalitet.

"Beste praksis" er den måten kvar og ein må jobbe på for å innfri krav til kvalitet og fagleg innhald som ligg i standarden for det valde fokusområdet. Alle medarbeidarar skal arbeide i samsvar med beste praksis alltid.

Fokus på den enkelte medarbeider er knytta til;

- Mestring, arbeidsglede og det å prestere bedre

- Roller og rolleforståelse

- Myndiggjering og ansvarleggjering – jobbe meir sjølvstendig

- Tydeleg krav og forventningar

- Alle må bli sett

- Alle må vere med.

«Kvalitet oppstår når medarbeidere gjer dei rette tinga på den rette måten kvar gong».

Lærande organisasjon

I ein lærande organisasjon må alle medarbeidarane vere med i kvalitetsarbeidet. Når fleire løftar saman er det lettare å få endringar til å vare. I ein lærande organisasjon er det ikkje rom for privat praksis, men er prega av profesjonelle medarbeidere som er lojale over vedtak som er fatta, og som gjer jobben ut i frå avtalte målsettingar og arbeidsoppgåver.